Konsert med bandet Vept på Gymmen Scene Foto: Håkon Bøen
Konsert med bandet Vept på Gymmen Scene Foto: Håkon Bøen

Møt Malakoff og søk Frifond: Utsatt søknadsfrist til 10. juni

15.05.2025

I serien av gode Frifond-historier har vi denne gangen tatt turen til Malakoff Rockfestival, som i tillegg til å arrangere festival har satset stort på barn og unge gjennom Gymmen Scene. Vi tok en prat med Gunn Guddal, ansvarlig for ungdomssatsningen i festivalen. 

Fortell kort om bakgrunnen til Malakoff Rockfestival og Gymmen Scene

– Malakoff leverer eit mangfaldig musikkprogram – ei energisk blanding av rock og andre sjangrar, med artistar frå både det lokale, nasjonale og internasjonale musikklandskapet. Malakoff har gjennom fleire år bygd opp ei heilårssatsing for ungdom gjennom klubbscena Gymmen Scene og prosjektet Gymmen Open-ungdomsklubb. Gymmen ligg i same kvartal som vidaregåande skule, bibliotek og Operahuset Nordfjord – og denne samlokaliseringa gjev unike moglegheiter for samskaping. Gymmen Open er ein open ungdomsklubb med låg terskel for deltaking, og tilbyr kreative, kulturelle og sosiale aktivitetar for ungdom.


Klubbkveld for ungdom på Gymmen Open

 

Har dere søkt Frifondstøtte tidligere og hva har dere søkt støtte til?

– Vi har bl.a. søkt støtte til aktivitetar og rekruttering av ungdom til prosjektet Gymmen Open. Vi har fått støtte til fleire prosjekt, og har også fått støtte til eit prosjekt som skal sikre at alle får like moglegheiter til å delta. Midlane vart brukt til rekrutteringstiltak og også til utsmykking av ungdomsklubbens lokale – noko ungdomane sjølve hadde sterkt ønskje om å få til.

 

Beskriv ungdomssatsingen deres og hva slags resultat denne har gitt

– Vi jobbar målretta med inkludering og rekruttering gjennom fleire tiltak: studioverkstader, opne øvingsdagar, konsertar, instrumentprøving og samarbeid med nærliggande bibliotek for å skape trygge og tilgjengelege møteplassar – særleg med tanke på å nå jenter frå innvandrarmiljø. Utsmykkingsprosjektet, der ungdomane sjølve planla, designa og gjennomførte dekor av inngangspartiet til ungdomsklubben i Gymmen Scene, gav god læring i praktisk arbeid og eigarskap til lokala.

Prosjektet har resultert i auka deltaking på ungdomskveldar, ei aktiv styringsgruppe med 8 ungdomar og varig samarbeid med bibliotek og kulturliv i bygda. Prosjektet fekk også besøk av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery, som framheva Gymmen Open som eit forbilde for inkluderande ungdomsarbeid.

 

Hvor viktig har støtten vært for å skape denne aktiviteten?

– Støtta var heilt avgjerande for å få gjennomført aktivitetane. Midlane gjorde det mogleg å kjøpe inn material og utstyr, engasjere instruktørar og drive målretta informasjon og marknadsføring. Uten desse ressursane hadde vi ikkje klart å skape det mangfaldige og inkluderande tilbodet vi no har fått til.

 

Har dere noen gode råd til å sette i gang ungdomsaktiviteter?

– Start med ungdomane – lytt til deira behov og idear. Gi dei ansvar og rom for å forme eigne prosjekt. Bygg gode samarbeid med andre lokale aktørar som jobbar med ungdom, og utnytt samlokalisering til å skape fleire trygge arenaer. Hald på kontinuiteten – rekruttering og inkludering tek tid, men resultatet er verdt innsatsen!

Vi takker for praten og ønsker festivalen lykke til videre med den flotte ungdomssatsingen og minner samtidig om kommende søknadsfrist - utsatt frist 10. juni. Er dere en frivillig forening, medlem i Norske Kulturarrangører og ønsker å sette i gang musikkaktiviteter for barn og unge anbefaler vi at dere søker FrifondSøknadskjema, retningslinjer og tips finner du i lenkeknappen under.


Les mer og søk FRIFOND