Tenk deg at det er sommar i lufta, kalenderen syner fellesferie og det kokar av forventning i lufta. Med toget eller bussen kjem det artistar og tilreisande gjester, i parken har det vore rigga i dagesvis og scener, gjerder og toalett er blitt ein del av by -eller bygdebildet. På veg inn på arenaen møter du revisor Tor i billettluka, artistane vert tekne hand om av studentane Ali og Rosa og ryddelaget består av foreldregruppa til det lokale jentelaget. Tallause timar utan løn og arbeid ein ikkje nødvendigvis har «rett» utdanning for å gjennomføra, men òg ny læring, nye vener og kjensla av å gjera noko for fellesskapet. Frivilligheita er sjølve grunnplanken i kulturlivet.
5. desember er den internasjonale dagen for frivillig arbeid. Dagen vert markert for å anerkjenne det utrettelige arbeidet som vert gjort av dedikerte frivillige som engasjerer seg for å skapa noko for felleskapet. Mange av NKA sine medlemmer er frivillige organisasjonar som bidreg med stort engasjement og kompetanse for eit variert aktivitetstilbod, året rundt, i by og bygd. Det skal opplevast meiningsfullt å driva frivillig arbeid. I eit godt samspel kan me skapa, utfordra og utvikla også arrangørfeltet for framtida.
I 2022 var det Frivillighetens år og landets viktigaste lagarbeid vart feira ekstra. For frivillige organisasjonar stoppar alt opp utan dugnadsinnsatsen. Det er viktig at enkelpersonar yt noko for andre - og det beste av alt er at det er vinn vinn. Gjer du noko for andre gjer du og noko for deg sjølv.
Det kan vera fint å tenkja på når ein deltek på arrangement som er avhengig av at folk stiller opp for at du skal få oppleva. Tusen takk til alle som bidreg for fellesskapet og kulturen. Vi i Norske Kulturarrangørar held fram arbeidet for å styrkje vilkåra for frivilligheita!
-Trude Storheim,
fungerande dagleg leiar i Norske Kulturarrangørar