Fortel litt om bakgrunnen til Glopperock, - Når vart festivalen etablert, kva artistar opptredde og har de nokon minneverdige hendingar?
Glopperockfestivalen vart etablert i 1980, i ei tid der det berre var eit knippe andre tilsvarande festivalar her til lands. Debutåret starta med Åge Aleksandersen og Sambandet, som òg er hovudartist under årets festival i 2022. Festivalen var ein suksess og fekk mykje oppmerksamhet, men det var utfordrande økonomisk å starta opp med musikkfestival.
I 1981 vart plakaten meir fyldig, mykje takka være vår gode støttespelar Rune Lem i Gunnar Eide Concerts, no Live Nation, som gjennom åra har vore ein sentral samarbeidspartnar for Glopperock. Dette året gav han oss blant anna Chris Thompson & Islands og Lava, som ble varmt motteke av publikum.
Sjølv med ei gradvis utvikling av festivalen, vart det eit stort steg å ta da Rune Lem fekk oss til å sette Nazareth øvst på plakaten i 1985, og truleg smått overraskande for bandet å bli booka til vesle Sandane med knappe 2000 innbyggarar. Bandet hadde spelt konsert i smekkfulle Nygårdsparken i Bergen dagen før, og gav oss publikumsrekord på nesten 3000 personar. Teknikaren til bandet vart like trollbunden av festivalområdet vårt som bandet sjølv, og etter konsertslutt uttalte han: «This is the best concert the band have done, EVER!»
Vidare kan det nemnast at det var ei oppleving i seg sjølv då progrockbandet Magnum forlanga å være siste band på scena for kvelden i 1988. Bandet angra hardt på kravet då dei innsåg at bandet før dei, nokre unge karar i eit band kalla Dance With a Stranger, hadde spelt fletta av både publikum, arrangør og neste band ut.
Korleis har festivalen utvikla seg? Var det mange andre festivalar på den tida?
Gjennom over 40 år med festival har det blitt mange bandnamn på plakatane, og festivalen har alltid vore i utvikling. Vi har alltid hatt fokus på å kapre unge artistar i vekst, og samstundes presentere meir etablerte artistar. Glopperock har sjølve arrangert talentkonkurransar for lokale band, og ein artig sak er at bandet Honndalen Soul og Funkarlag er fyrste band ut under årets jubileumsfestival, eit band som vann talentkonkurransen vår tilbake i 1989.
I moderne tid er vi definitivt ikkje lenger aleine, og med rockefestivalar i både aust og vest er konkurransen om både band og publikum blitt noko heilt anna enn tidlegare. Vi har nok vore til inspirasjon for mange festivalar som har blitt til etter oss.
Når vart de medlem i Norsk Rockforbund og var det nokon spesielle saker som bidrog til at de ønska å bli medlem?
Gloppen Musikkforum, som er arrangøren bak Glopperock vart medlem i 1986, og på den tida var det saka om artistskatt som var størst. Vidare har Tono-avgifta vore sentral og viktig for oss. Det å være ein del av eit fellesskap, drive med kompetanseutvikling og erfaringsutveksling med andre arrangørar har alltid vore viktig for oss, og dette får vi via vårt medlemskap i Norske Konsertarrangører.
Er det ei spesiell hending de vil trekke fram, eller noko de hugsar som spesielt gøy eller viktig i tida de har vært medlem?
På begynninga av 2000-talet gav daverande Norsk Rockforbund oss midlar til å hyre jurist Øystein Fosstvedt i ei sak vi er stolte av å ha satt fokus på. Fosstvedt var i dei tider styremedlem hjå oss, og reagerte på at vi måtte dekke politiet sine utgifter natta før Glopperock starta på søndagen. Gloppen Musikkforum la sjela si i denne prinsippsaka, og fronta dette til Politidirektoratet og Sivilombodsmannen. Etter mykje arbeid vart det ei endring i refusjonskrava i politilova, og vi har med dette fått utretta noko som kan ha komme mange konsertarrangørar i Noreg til gode i åra etter.
Hvilken betydning har Norsk Rockforbund/ Norske Konsertarrangører hatt for Glopperock?
Som tidlegare nemnt har medlemsskapet hatt stor betyding for oss, spesielt på kompetanseutvikling og erfaringsdeling. Politiske saker for å fremje rock og beslekta musikkformer, juridiske hjelp og Tono-avtalar er nok det som har vore viktigast for oss i medlemsperioden.
Frifondmidlane har også vore sentrale for oss, og heilt avgjerande for å få gjennomført våre arrangement som er retta mot eit yngre publikum. Med Frifondmidlane gjev vi ungdomen eit kjærkoment tilbod til ein stimulert billettpris, og samstundes vekker vi interessa for framtidige arrangement og konsertar. Å trekke ungdom til Gloppen Musikkforum sine arrangement er særs viktig for å rekruttere nye medlemar og engasjerte friviljuge. Vi har mange gode dømer på unge konsertgjengarar som etterkvart har involvert seg i foreininga, og vi treng dei med på laget for å få innspel på kva ungdomen no til dags vil sjå på plakaten i framtida.
Vi vil med dette gratulere Norske Konsertarrangører med 40-årsjubileet!
Meir informasjon, bildar og videoar frå Glopperock finnes på glopperock.no og deira Facebookside.
Frå konsert med Dace with a Stranger på Glopperock 1990: