
Prosjektet «Identitetsutvikling av norske konsertarrangørar», som vart igangsett med lanseringa av Identitetshandboka i fjor vår, rullar vidare. Dei seks pilotprosjekta som vart plukka ut i fjor haust er no runda av (sjølv om arbeidet held fram i fin stil ute hjå arrangørane). Kort oppsummert har dette foregått:
Steinkjerfestivalen flyttar festivalen sin frå byens fotballstadion og ned til byen i år. Steinkjer er Noregs beste bevarte gjenreisingsby, og ikkje minst opphavet til den legendariske raude telefonboksen. Ny grafisk profil er på plass i år, og ein hærskare med NTNU-studentar har jobba fram massevis av konsept til korleis festivalen kan ta i bruk byrommet og den særeigna arkitekturen på spanande måtar. Vi gler oss til å følgje dei framover!
Studenthuset Rokken er i full gang med å skapa sin nye identitet saman med alle sine frivillige. Etter fem år i full fart med nytt hus og aktiv drift har dei no endeleg fått tid til å setje seg ned for å skape det gode miljøet – og dei gode historiene – i lag. Identitetsbygging frå scratch!
Smøla Bluesklubb skal gje bluesen rotfeste i havgapet med ein festival i fantastiske omgjevnader. Ken Hensley og Vidar Busk er blant dei som tek turen til det vesle fiskeværet ytterst på Smøla i slutten av juli. Vi oppmodar fleire til å slå følgje med dei, for det blir garantert ei annleis bluesoppleving, og vonleg gjev det dei blå tonane rotfeste blant tang og tare for alltid.
Bygdalarm skal setje farge på Bergen by laurdag 12. juli. Ein basar i ekte Hardanger-and, akkompagnert av ein traktorsymfoni, som er komponert av Gisle Martens Meyer frå Ugress for anledninga! Ryktene seier at dette blir så spektakulært at til og med bergensarane kjem til å halde munn medan det foregår. Med andre ord: Vi snakkar om ein once in a lifetime experience!
Kroa i Bø skal finne attende til gamle glansdagar, etter å ha levd på godt rykte og gode historier i mange år. 40 års historie skal vidareførast over i 40 nye med ny visuell profil – og nytt interiør, tufta på det glade livet på landet! Og alt skal stå klart når dei nye studentane kjem til Telemarksbygda til hausten.
Jorddunstfestivalen skal by deg på festivalmat utan sidestykke i år. Den anti-kommersielle festivalen på havbrukets episenter, Frøya, har involvert heile øya i arbeidet med å lage ny festivalmat. Way to go, vi gler oss til å smake!