28/09/2006
Du går fra en kreativ, spennende og ytterst dynamisk jobb i
NRF til, etter det jeg kan forstå, en mer
strukturert og stabil arbeidssituasjon. Er du enig i en slik
beskrivelse, og hvordan tror du dette vil påvirke den - fra
naturens side - ellers virile, festglade og søkende
Bjørknes?
Uten at eg vil seie at arbeidet i Norsk Rockforbund er
ustrukturert, har eg i alle fall hatt stor frihet til å gjere ting
på min eigen måte. Det har vore fint for ei stund, men eg gleder
meg faktisk til å ha litt stramare tøyler. Eg ser fram til å sleppe
å finne opp alt heile tida. Til andre del av spørsmålet er svaret
enkelt: Det blir kanskje endringer, men til det betre i så fall.
Viss ting skulle begynne å gå i feil retning, så har eg lagt an ein
rosenrotåker heime i Sogn.
Du har vært med i mange år og sett NRF utvikle seg i en forhåpentligvis riktig
retning. Det hadde vært interessant å vite hva du som fagmann synes
vi har gjort riktig? Og hva mener du NRF
bør ha fokus på i tiden framover?
Organisasjonen har utvikla seg mykje, og i riktig retning, på dei
åra eg har jobba her. Sjå berre på det interessepolitiske feltet.
Eg kom inn midt i bråket rundt Samla Norsk Rock. Cowboyane lurte i
buskane til ei kvar tid, og du visste aldri kva dei kunne finne på.
Då Stein (Andreassen, tidligere daglig
leder. Red.anm.) og eg tok dei første prøvande stega opp
Løvebakken, la vi vekt på å vere saklige og grundige i
argumentasjonen, og vi fekk troverdighet i retur. Det er det vi ser
fruktene av i dag. Når det gjeld framtida har vi no eit lag på
plass som kjem til å ta oss til nye høgder. Eg syns det viktig å
jobbe vidare med heilårsarrangørane, og gleder meg stort over
millionen til klubbstøtte. Ellers er det alfa og omega å ha god
kontakt med medlemmane, også dei det ikkje står om i avisene kvar
dag.
Du er vel kanskje den i NRF-systemet
som har reist mest og som har fått best kontakt med alle
medlemstypene i organisasjonen. Vil det ikke bli rart og plutselig
miste et sånt element i livet, et lite savn kanskje? Hva har du
tenkt å gjøre for å holde noe av dette ved like?
Du har nok rett i det. Eg har reist Norge på kryss og tvers og
helde kurs, arrangert seminar, vore på møter, vore på konserter,
hengt ut. Eg er på hels med folk i alle fylka i landet. Det er
slitsomt på ein måte, men samtidig har eg fått fantastisk mykje
energi av å møte alle desse engasjerte og flinke folka. Viss eg har
gitt tilbake halvparten av det eg har fått, har eg mykje å vere
stolt av. Så kjem eg jo til å fortsette å halde kurs for
Rockforbundet. Og festivalsommeren 2007 er allerede under
planlegging.
Som selvutnevnt fagmann på gitar vil jeg påstå at du er
en habil gitarist. Du har ikke vurdert å begynne og spille i
band; komme deg ut på veien for å kompensere litt på tapet av et
litt utagerende liv?
Takk for det, Morten. Det er kjekt å få slik omtale frå ein
musikant eg ser opp til. Eg har spelt masse i band fram i gjennom,
men det blei stopp då eg kom til Oslo. Medmusikantane var att på
Vestlandet, og det var så mykje anna å ta seg til. Samtidig elsker
eg å opptre. No tar eg det ut på talerstolen, og ikkje minst som
popquizvert, men det klør i fingrane rett som det er. Har eg sett
ein tøff gitarist i aksjon, må eg plukke litt på gitaren når eg
kjem heim. Pop! (nåværende sivilarbeider red.anm.) spurte
meg forresten om å spele bass i eit band for eit par dager sia. Det
syns eg var ei spennande utfordring. Eg må ta nokre basstimer. Men
det viktigaste er jo å sjå tøff ut. Eg trur eg kjem til å kle
bassgitar. Gjerne ein sånn Gibson Firebird-type bass.
Du er jo en ekte musikkfan, uten sjangermessige sperrer. Du
går heller ikke av veien for å bytte favorittmusikk og sjanger når
enn det måtte passe seg. Hva er din favorittsmusikk nå om dagen?
Hvilken sjanger tror vi vil oppleve som det nye store på den Norske
live-scenen i tiden framover?
Eg liker musikk, ikkje sjangere. Det finns skit og kanel i dei
alle. Eg vil gjerne høyre alt som er bra, og bruker mykje tid på å
leite etter gull. Det er for øvrig ein av dei tinga eg gleder meg
til i Kulturrådet: Å få jobbe meir direkte med musikken. Men kva
høyrer eg på no til dags? Det har blitt mykje Stones i det siste.
"Let it Bleed" og "Sticky Fingers". Eg les på ei bok om
sørstatssoul, og høyrer på Stax-artister og Sam Cooke og Ray
Charles og Aretha. Fantastiske vokalister. Eg er generelt glad i
svart musikk, og har spådd at soul og r'n'b kjem til å innta
livescenene i fleire år no. Men det ser dessverre ikkje ut som om
profetiane mine slår til. Eg trur forresten at DJ-ane kjem tilbake
i 2007. Sutrete indierock frå England vil tape terreng. Det er gode
tider, og folk vil danse og være glamorøse. Drikke
cocktails.
Dette er kanskje et banalt og klisjéaktig spørsmål, men jeg
kjører på allikevel:
Hva har årene i NRF gitt deg både faglig
og reint menneskelig?
Åra i Rockforbundet har vore nydelige. Planen var opprinnelig at
eg skulle jobbe her i eit par år, men den vart snart satt på båten.
Eg har fått masse utfordringer og lært utruleg mykje. Bere det å få
jobbe med så mange flinke folk. Diskutere, sjå og lære. Ein draum.
Eg har dessuten blitt meir tolerant og ydmyk, særlig musikalsk. Du
veit Jan Teigen sin tekst "Jeg var ung, og visste alt". No veit eg
ikkje så mykje lenger, men ein ting veit eg: Det er stadig noko
nytt å oppdage, og alt kan alltid gjerast bedre. Det var forresten
to ting. Sosialt sett trur eg ikkje eit menneske kan få det bedre.
Eg møter hundrevis av trivelige folk i året. Det passer meg
godt - eg liker å vere med trivelige folk. Nokre av dei har blitt
blant dei beste vennane mine. For å vere litt vestlandsk: Eg har
mykje å vere takknemmelig for!
Da gjenstår det bare å ønske Trond lykke til videre! I og med at
Bjørknes går inn i musikkavdelingen i Kulturrådet, med god
kontakt med NRFog hele Arrangør-Norge, er
nok ikke dette det siste vi hører fra mannen. Og dessuten er
det jo bare snakk om et års permisjon, eller hur?
28/09/2006
Hvor er det blitt av alle gutta? - En alvorsprat mellom to menn!
Bluesmann Morten Omlid har tatt seg en prat med NRFs ubestridte solstråle, fagsjef Trond Bjørknes, som nå mønstrer av NRF-skuta til fordel for nye spennende farvann. Fra 1. oktober tar han seg ett års permisjon for å jobbe som saksbehandler i Norsk Kulturråd.

kontakt med NRF og hele Arrangør-Norge,
er nok ikke dette det siste vi hører fra mannen. Og dessuten
er det jo bare snakk om et års permisjon, eller hur?