Ukas medlem: Festidalen

03.08.2006
Ytterst i Hardangerfjorden, midt mellom Haugesund og Bergen, finn vi Kvinnherad kommune. I Kvinnherad kommune, midt mellom Rosendal og Husnes, finn vi Uskedalen. I Uskedalen, midt mellom høge fjell, finn vi eit flatt jorde. Der, midt på jordet, blir det festival til helga. Eller festidal, rettare sagt. Festidalen har akkurat blitt medlem i Norsk Rockforbund, og klarte jammen å sjarmere seg rett inn i Ukas medlem-spalta!

03/08/2006

Klubb: Festidalen

Hvor: Uskedalen i Kvinnherad

Startet i: 2003

Konserter per år: Festival over 2 dager 

Festidalen starta, ikkje utypisk, som ei venners vennersfest. Tre band blei spurt om å spele, og 350 venner tok vegen. 100  kroner i døra gjekk til å dekke lyd og lys. Festen blei ein suksess, og det hagla med positive tilbakemeldinger. Dermed blei arrangørelden tent i vennegjengen, og ganske snart var det stifta eigen organisasjon med styre og stell. Sia har festivalen rulla og gått. norskrockforbund.no  tok ein prat med Leif Ove Mikkelsen i Festidalen for å få ein situasjonsrapport.

Det nærmer seg festidal, Leif Ove. Er de i rute?

- Me er i rute. Me fekk opp scenen og dei fleste telta i går. I dag har me fått på plass dasser og pissoarer. Fredags morgon begynner me å rigge lyd og lys, og så kjem dei første banda kl. 14:00. Det skal faktisk vere mulig å fylgje utviklinga på festidalområdet på nettsida vår. Me har fått lagt opp breiband, og skal ha ein bildeblogg gåande i dagane framover. 

Det er mykje festivaler i Kvinnherad. Vi nevner kort Rosendal Musikkfestival, Klosterdagane, HusnesRock, Rosendal Mat og Kunstfestival og Fjellstreif. Får de solgt billettane midt oppi alt dette?

- Me sjekka forhåndssalget for to dagar sia, og då hadde me solgt 130 pass. Det er me veldig godt fornøgde med. Me har tradisjonelt hatt alt forhåndssalget dei siste par dagane når værmeldinga begynner å bli klar. Me har plass til opp mot 2 000 mennesker, men går i null på rundt 600 billetter. Det ringer folk frå heile landet, så interessa er det ingen ting så seie  på.

Vêrmeldinga ser foreløpig veldig bra ut. 24 grader og delvis skya. Perfekt festivalvêr, det. Men det hadde dei på  nabofestivalen HusnesRock forrige helg også, og der var oppmøtet heller dårlig. Du er ikkje redd for at Festidalen skal lide samme sjebne?

- Nei, me har litt rimelegare billetter. Dessuten er festivalen vår utandørs, i svært naturskjønne omgivelser. Me har ei veldig fin ramme rundt arrangementet. Og ikkje minst; me har eit veldig godt program. Me har plukka artister i frå øverste hylle, og takka nei til pakkeløysningane fra agentane. Det er mykje dei same artistane som går igjen over alt for  tida. Me vil heller plukke sjøl og lage noko som er litt meir spesielt og særprega.

OK, fortell litt meir om programmet då.

- Paul DiAnno er vel headliner. Me er ihuga Iron Maiden-fans, og liker særlig godt dei første platene. Han blir backa av Audrey Horne, som óg skal spele eit sett åleine. Me er veldig glad i metal her, men det er bra bredde i programmet, altså. William Hut er med, og han ligg jo definitivt i den roligare leia. Veldig vakkert! Tuco's Lounge har tilknytning til Kvinnherad, og det trekker folk herfrå. Vokalisten sit faktisk i styret vårt.

Aha..!! Litt innavl her, altså?

- Haha.. Nei, dei er meir enn gode nok til å få spele her uten å ha nokon formell link til festivalen.



Korleis er forholdet til lokalsamfunnet forøvrig? Er det noko hjelp å få?

- Ja, her er ei formidabel dugnadsånd. Me har over 100 frivillige som bidrar til å lage Festidalen. Stort sett alt av utstyr får me låne gratis av det lokale næringslivet. Me låner stilaser til lyd- og lysbu av det lokale skipsverftet. Inngjerdinga av området har me fått låne av eit bygningsfirma. Scenen låner me av aluminiumsverket på Husnes. Dei har ei som dei bruker til selskap og slikt, og er heilt kurrant til vårt bruk. Bøndene stiller med traktorer til lasting og lossing av utstyr. Is til kjøling av mat og drikke kjem fra ei fiskefordelingsbedrift. Slik fortsett det. 



Eg ser at de har eit samarbeid med Rustelefonen? Er folk ekstra tørste borti Uskedalen?

- Nei, Rustelefonen tok kontakt med oss og lurte på om dei kunne få dele ut noko informasjonsmateriell. Dette er ikkje noko sånn moraliserande greie. Det er ei rein opplysningstjeneste. Me har samarbeida med dei og med Trygg Trafikk heile veien. Det er to organisasjoner som me støtter. Og for alle del: Me har ølservering. 

Korleis er det med ambisjonane framover, då?

- Vår viktigste ambisjon er å gje publikummet vårt musikkopplevelser som dei ikkje kan få ellers. Det ikkje noko mål i seg sjøl for oss å vekse. Me skal først og fremt lage ein god festidal. Stratgien er å legge stein på stein, og så ser me kor det ender. Me skal være den beste festivalen i Sunnhordaland, og det meiner me vel egentlig at me er allerede!

-Trond Bjørknes

Med "Ukas medlem" ønsker vi å synliggjøre de ulike medlemsklubbene i Norsk Rockforbund som spenner fra små og store festivaler, studentsamfunn, blues- og rockeklubber til rockeverksted. Til sammen arrangerer medlemmene i Norsk Rockforbund rundt 2500 konserter årlig, og vi ønsker her å fokusere på arbeidet som gjøres for å gi publikum gode konsertopplevelser.