- Uttalelser
- Høringsinnspill til forslag om endring i merverdiavgiftskompensasjonsordningen for frivillige organisasjoner
Høringsinnspill til forslag om endring i merverdiavgiftskompensasjonsordningen for frivillige organisasjoner
Levert til Kultur - og likestillingsdepartementet 8. januar 2025
Norske kulturarrangører (NKA) er ein kompetanse - og interesseorganisasjon for kulturarrangører organisert som ein medlemsorganisasjon med Landsmøte som øverste organ. NKA søkjer som paraplyorganisasjon, som enkeltståande søkjar, men veileder og rådgjev våre medlemmer om momskompensasjonsordninga. Medlemmene våre er arrangørar i heile kulturfeltet med dei variasjonar det inneber. Eit fellestrekk er at dei aller fleste medlemmene våre involverer frivillige og dei organiserer rundt 50 000 frivillige over heile landet.
For NKA er ordninga med momskompensasjon svært viktig. Me jobbar for, - og med våre medlemmer for å skapa engasjement og auka kompetanse i frivilligarbeidet. Det vert skapt gode kulturopplevingar over heile landet blant eit stort mangfald av aktørar. Det er viktig for samfunnet at frivillig aktivitet vert løfta fram og haldt i hevd. Dugnad er ein viktig pilar i det norske samfunnet som i dag er under press, og me har alle eit ansvar for å syta for at krafta av frivillig arbeid vert verdsett.
Over halvparten av NKA sin medlemsmasse er frivillige organisasjoner (foreiningar eller stiftingar) og resten er organisert som AS, ENK og oMentlege organisasjoner som kulturhus. Denne variasjonen er ein styrke for organisasjonen då kunnskap kan delast også mellom ulike driftsmodeller. Det er viktig å presisera at mange av våre medlemmer som er organisert som til dømes AS også nyttar frivillige i sitt arbeid. Dette omfatter mange festivalar.
Forslaget i høyringsnotatet, kapittel 6, om at minst 75% av medlemsorganisasjonane i ein paraplyorganisasjon må få utbetalt momskompensasjon i søknadsåret for at dette skal kvalifisere som frivillig innsats for paraplyorganisasjon, kan slå uheldig ut og ikkje støtta opp om målet til ordninga om å auka frivillig arbeid. Det er òg urimeleg at det vert føreslått eit krav om at medlemmene i ein paraplyorganisasjon må ha søkt momskompensasjon. Det kan vera medlemmer som kan søkja, men som ikkje søkjer fordi dei har så liten økonomi eller kapasitet, og at prosessen blir for arbeidskrevjande. Men dei nyttar seg likevel av tilbodet og kompetansen NKA har for å styrka det frivillige feltet. NKA kan ikkje å sørga for at alle medlemsorganisasjonar som kvalifiserer for det, faktisk søker om momskompensasjon. Men me gjer eit stort arbeid med å informera og hjelpa våre medlemmer med søknadane.
NKA finn altså forslaget om at 75 % av paraplyenes medlemsorganisasjoner må få utbetalt momskompensasjon for at paraplyen skal få utbetalt momskompensasjon som urimeleg. Me støttar Frivillighet Norge og Kulturalliansen sine innspel på dette punktet og fryktar også at dette vil slå uheldig ut for paraplyorganisasjoner med små organisasjoner som medlemmer. NKA meiner at det er tilstrekkeleg å videreføra dagens krav om at halvparten av medlemsorganisasjonane i ein paraplyorganisasjon skal vera i målgruppa for momskompensasjonsordninga. I tillegg bør det ikkje bli eit krav om dokumentasjon av at medlemmene må ha søkt og fått tildelt momskompensasjon, men at dei som er i målgruppa for ordninga kan søke om momskompensasjon.
I forskrifta og høyringsnontatet står det at gratis styreinnsats ikkje tilfredsstiller kravet til frivillig innsats åleine. For fleire av våre minste medlemssorganisasjonar er det uløna styremedlemmer som også arbeider med gjennomføring av arrangementet. Kvifor er det ikkje slik at uløna styrearbeid i seg sjølv vert definert som frivillig arbeid? Eit fungerande styre er også viktig i frivillige organisasjonar.
Det er viktig at ordninga er enkel og ubyråkratisk, og me ynskjer velkomen alle forenklingar som går i favør av søkjarane.
Flere uttalelser
Se alle uttalelserHøringssvar om leie av kommunal grunn i Oslo
Les uttalelsen