Bli med i et fellesskap av over 500 arrangører som deler kunnskap, erfaringer og en felles stemme. Kontingenten starter på 1 000 kroner i året.
Nytt fagstoff, møteplasser og politiske gjennomslag rett i innboksen, innimellom.
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer eit breitt spekter av aktørar til å søke støtte til arrangement, kompetanseheving og nettverksbygging. Prosjekta skal bidra til eit opent, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile fylket.
Ramma for ordninga blir fastsett årleg. Frå og med 2026 omfattar ordninga òg øyremerka midlar frå Møremusikarordninga.
1. Arrangement
Støtte for innleige av profesjonelle aktørar og utøvarar innan musikk, scenekunst, visuell kunst, kulturarv, audiovisuell produksjon, litteratur og tverrgåande prosjekter
2. Kompetanseheving
Støtte til innleie av profesjonelle utøvarar og aktørar som bidreg til kompetanseheving. Tiltaka skal bidra til å bygge opp både kunnskap og kapasitet, og bidra til auka kvalitet på kunst- og kulturtilbodet lokalt og regionalt. Dette kan for eksempel vere: kurs, seminar, workshops og instruksjon.
3. Nettverksbygging Støtte til å skape nettverk og møteplassar innan kunst, kultur og kulturmiljø, der profesjonelle utøvarar og frivillige kulturaktørar kan møtast, dele erfaringar og samarbeide.